”Breim – naturbasert reiseliv for
alle”
Bygging av ei nasjonal
merkevare
Søknad om deltaking i fylkeskommunalt bygdeutviklingsprogram
Breimsbygda har lenge vore kjent for
rikt organisasjonsliv og stor dugnadsinnsats som vist igjen også på nasjonalt
plan.
Men vi har mangla ei overbygging og
koordinering mellom desse enkelttiltaka og ikkje makta vegen frå dugnad til
næring. Den daglege kontakten og kunnskapen om kvarandre er for dårleg mellom
dei store dugnadstaka.
Breim Bondelag sette difor 23.3 ned ei prosjektgruppe med medlemmer frå bondelaget, vilt- og fiskelaget og utviklingslaga på Reed og Byrkjelo for å førebu søknad om deltaking i det fylkeskommunale bygdeutviklingsprogrammet.
Gruppa har hatt 5 møte og skipa 5.4 i
påskeveka til ope bygdamøte om spørsmålet. I tillegg har gruppa lagt vekt på å
snakka med alle utviklingslag og bygdalag og flest muleg av dei ulike
organisasjonane i bygda og hatt kontakt med ulike ressurspersonar i og utanom
bygda..
Prosjektgruppa har fått full støtte for
forslaget om ”Breim - Naturbasert reiseliv for alle” som
fellestema og generelt møtt stor velvilje og entusiasme – ”dette er positive
initiativ vi lenge har sakna” har mange sagt.
Dette er eit tema som er samlande og mobiliserande ved at det kan gjennomførast over heile bygda samtidig og alle kan bidra til å skape det.
Bygda vert på den måten rikare og meir
spennande å bu i.
Samtidig blir det næring på heiltid eller
deltid for ein del av innbyggarane.
Ikkje minst viktig er det at barne og ungdom i skulen gjennom lokalsamfunnstenkinga ”den andre dagen” kan få auka kunnskap og stoltheit over eiga bygd, kjenne gleda over å betre den i pakt med den gamle tradisjonen om at ”målet er å få to strå til å vekse der det før berre vaks eitt”
Prosjektgruppa har i denne søknaden valt
å fokusere på eitt samlande og mobiliserande tema. Eit tema som er så stort at
det er avgrensa kva vi kan makte på 3 år.
Vår erfaring er at når først lag,
organisasjonar, bedrifter og enkeltpersonar kjem inn i godt samarbeid på eitt
felt, oppdagar dei gjerne ukjende samarbeidsmulegheiter på heilt andre
felt.
Dette reknar vi med å fokusere nærare
på utover i prosjektperioden og vonar at det skal bli ein av dei varande
effektane av prosjektet.
Det geografiske området er både heile
gamle Breim kommune og nesten heile. 1.1.1964 då Breim kommune og Gloppen
kommune gjekk saman vart bygda Førde (Førs i vanleg breimstale) i enden av
Breimsvatnet overflytta til Jølster. Men Førs er framleis med i Breim
jakt- og fiskelag, så i desse spørsmåla er det geografiske området heile gamle
Breim kommune.
I hovudbygda er Byrkjelo og Reed
bygdasenter. Rundt Breimsvatnet dei mindre bygdelaga Kandal, Årdal og Førs.
Elles dei parallelle nord-sør dalføra Myklebustdalen og Eggedalen/Våtedalen.
Samla 1.700-1.800
innbyggarar.
3 fungerande utviklingslag; Byrkjelo,
Reed og Kandal. Ei velforeninga, på Myklebust inst i
MyklebustdalenGrunneigarlaga kan i enkelte saker fungere som utviklingslag.
Vilt- og fiskelaget er sams for heile bygda, inndelt i soner.
Grunneigarinteressene elles ivaretatt av bondelag og bonde- og småbrukarlag, som
er på god talefot.
Distriktskommunane opplever stadige
innstrammingar. I regi av Nordfjordrådet samarbeider nordfjordkommunane på ulike
måtar. Ein samanliknande rapport frå 01.04.03 viser at Gloppen etter Bremanger
er den nordfjordkommunen som har størst nedgang i folketalet ved framskriving av
dagens utvikling til 2010 og 2020. I og med at folketalet er det bærande
elementet i inntektssystemet for kommunane får dette store
konsekvensar.
Gjeldande strategisk næringsplan for
Gloppen slår då og fast i samandraget at:
GLOPPEN KOMMUNE SKAL HA SOM MÅL I
PLANPERIODEN (FRAM TIL 2006) Å SNU DEN NEGATIVE FOLKETALSUTVIKLINGA I
KOMMUNEN
Planen set opp ei
hovudmålsetjing:
Målsetjinga for å planlegge
næringsutvikling i Gloppen kommune er å legge til rette for entrepenørskap,
nettverksbygging og samarbeid for å sikre positiv utvikling for næringslivet og
Gloppensamfunnet i framtida. Ulike aktørar må vite om kvarandre og samarbeide om
utviklingsarbeidet. Samstundes skal det vere godt spelerom for utvikling av
einskildbedrifter og drivkreftene som ligg i
desse.
For å gjennomføre planen er det sett opp 5 strategiar som skal bygge opp under målsetjinga.
Desse strategiane set fokus på:
(Strategisk handlingsplan
s.2)
Planen har og med nokre punkt om
bygdeutvikling:
Stimulere til at fleire bygdelag set i
gang nyttige utviklingsprosjekt for eiga bygd
Planen prioriterer i den samanheng m.a.
fylgjande tiltak:
(Strategisk handlingsplan s.
6-7)
Prosjektgruppa reknar på
bakgrunn av slike formuleringar ikkje med at det vil bli problem med kommunal
deltaking i bygdeutviklingsprosjekt i Breim dersom bygda kjem med i programmet.
Vi har difor funne det unødvendig å fremje formell søknad om kommunale midlar
før vi har fått stadfesta at vi kjem med i programmet.
Vi har hatt god og nyttig kontakt med
jordbrukssjef Jon Egil Vik som også var kommunal sakshandsamar då
Sørstranda kom med i bygdeutviklingsprosjektet i 2001. Vik får kopi av
denne søknaden til orientering slik at ein seinare formell søknad kan gå
raskt.
Prosjektgruppa kan ikkje sjå at
målsetjingar og arbeidsmåtar vi skisserer nedanfor på noko punkt er i strid med
gjeldande strategisk handlingsplan for Gloppen kommune. Tvert imot vil eit
bygdeutviklingsprosjekt i Breim vere nødvendig for å skape ein betre strategisk
handlingsplan ved komande
rullering.
UTVIKLINGSTREKK I
BREIM
Breim er kanskje den delen av kommunen som har hatt den mest positive utviklinga siste åra. På Reed har Eurofoto blitt dominerande på marknaden for digital framkalling av bilete som blir sendt til bedrifta via internett. Bedrifta blir stadig trekt fram som døme i fylkes- og nasjonal samanheng, m.a. i Breibandsmeldiga i fjor.
Småkraftverk for 100-150 millionar er planlagt eller under bygging.
På Byrkjelo har Tine bygd ut eit anlegg
som pr i dag er det største i Noreg med rundt 100 tilsette. Fleire mindre
reiselivs og handelsverksemder har skifta eigarar og pussa opp eller utvida.
Mange bønder i Breim planlegg nybygg og samdriftsløysingar. Denne søknaden er og
eit prov på at grunneigarorganisasjonane er i ferd med å bli meir utoverretta og
samarbeidsorienterte når det gjeld generell bygdautvikling.
Prosjektgruppa ser det som ekstra
viktig at ein nyttar denne perioden med optimisme i bygda til å trygge
eksisterande arbeidsplassar, skape nye heiltids- og deltidsarbeidsplassar og
knyte samarbeidsband som kan halde om det røyner på
seinare.
KVIFOR NATURBASERT
TURISME?
Bygda Breim har ei unik spennvidde i naturopplevingar, noko som vart vist gjennom Gloppeneventyret på 1980-talet der ein stor del av aktivitetane var lagt til Breim. Med fjellturar, rafting i Våtedalselva, fiske i elevar og vatn, breturar på Myklebustdalsbreen, og og rideturar med utgangspunkt i Norsk fjordhestgard
Breim hadde på 1980 og 1990-talet også
ein del idrettsarrangement som vart lagt merke til i nasjonal samanheng. Det
internasjonale Byrkjeo Games i friidrett og dei mange NM-arrangementa bruke
natur og naturbaserte aktivitetar som lokkemiddel. Norsk idrettsveke for
barn og ungdom hadde eit svært allsidig aktivitetsopplegg, m.a. med
friluftsaktivitetar rundt i heile bygda.
Breimsbygda skisenter på Utvikfjellet har
eit allsidig tilbod og terreng for ulike grupper.
Gloppen er nest største hjortekommunen i fylket. Siste året vart om lag 200 hjortar skotne i Breim. Når det gjeld fiske førte eit stort utfiskingsprosjekt i Breimsvatnet midt på 1990-talet til gode vekstvilkår for storørreten. Det blir hevda at kombinasjonen i Breim med vatn – elvastrekningar og fjellsoner med gode fiskevatn gjev betre høve til ørretfiske enn Jølster, dvs blant dei beste i landet.
I mange år har det i landbruket vore
fokusert på utmarksnæringar og utmarksturisme. Det er no ein del bønder i Breim
som ”luktar” på mulegheitene som tilleggsnæing, men også i heiltidssamanheng,
jfr www.hjortejakt.com som er heimesida til jaktlaget ”Både natt og dag” her i
Breim.
KVIFOR
”ALLE”?
I turismesamanheng blir ordet ”alle” ofte brukt ukritisk. Mange funksjonshemma har blitt skuffa over å oppdage at annonserte tilbod ikkje held det dei lovar.
Ein av grunnane til at Breimsbygda fekk idrettens verdipris var arbeidet med tilrettelegging av tilboda på Utvikfjellet for funksjonshemma, og fredagsklubben for ulike grupper ungdom.
Nytt av året er eiga gruppe for funksjonshemma innan idrettslaget. Jfr vedlagde eksemplar av Breimsbygda ve&berre vel
I Gloppen har det vore eit stort prosjekt
om tilrettelegging og utarbeidd ein prosjektrapport om ”Gloppen for
alle”.
I Breim vil ein dra nytte av desse
prosjekterfaringane og arbeide aktivt for at dei ulike tilboda skal vere
tilrettelagde for funksjonshemma, og syte for å gje informasjons der det kan
oppstå mistydingar.
Det at alle skal kunne finne naturtilbod
som høver er like viktig for trivselen til dei fastbuande som dei
tilreisande.
TRENDAR I DET
NATURBASERTE REISELIVET
Fylkesbarometeret som er eit
samarbeidstiltak mellom Sparebanken Sogn og Fj og SND, fokuserer på fantastisk
natur men dårleg inntening for reiselivet i fylket.
Vestlandsforskning utførte i fjor ei
større utgreiing om Næringsmessig potensiale for kvalitetsturisme for
Miljøverndepartementet med analyser frå Sogn og Fjordane.
Rapporten til Vestlandsforskning slår for
det første fast at ulike typer av ”rolege” naturturistar er i fleirtal og at
gruppa over 60 år er veksande. Dette i motsetning til det delvis mediaskapte
inntrykket ein får av at dei naturbaserte turistane først og fremst er ute etter
ekstremopplevingar.
For det andre at eit levande
kulturlandskap med dyr på beite som vi har her i den største landbruksbygda i
fylket er etterspurd.
Dessutan at det er aukande interesse for
kunnskap om natur, historie før og no osv, i form av natur- og kulturstiar,
kart, informasjonsbrosjyrer med meir.
Ei av målsetjingane med prosjektet
er å halde kulturlandskapet i hevd gjennom organisert arbeid og få fram
utdjupande informasjon.
Rapporten peikar på at offentlege
instansar kan kome inn her. Men korleis kan vi i Breim sjølve
finansiere/skape/vedlikehalde desse grunnlagsføresetnadene i det naturbaserte
reiselivet?
DEI FRIVILLEGE ,
MANGSYSLERI OG TERRITORIELL KUNNSKAP
Haustutgåva av Fylkesbarometeret 2003
fokuserer på verdien av arbeidet til dei frivillege laga og organisasjonane også
i næringssamanheng, med nordsida i Stryn og Sogndal fotball som døme (s. 28-
39).
Karl Georg Høyer nyttar omgrepa
mangsysleri og territoriell kompetanse om noko av det som har vore den
tradisjonelle styrken til fylket: Samarbeid for å løyse større
oppgåver.
Vi Breim er kjende for våre store
dugnadsløft som Byrkjelo Stadion og dei store arrangementa der, Norsk
fjordhestgard og Norsk Countrytreff og utbygginga av Utvikfjellet for
vinteraktivitetar.
Vi trur det er mogeleg å få til same
bygdamobilering rundt naturbasert reiseliv sidan natur- og kulturstiar,
opplysningar om historie, dyreliv, botanikk, geologi osv er noko som mange lag,
organisasjonar og enkeltpersonar alt driv med, og som gjer dagleglivet rikare
for innbyggarane i bygda.
Ein viktig mobiliseringsfaktor er
dessutan lite påakta av
forskarane:
DEN ANDRE
DAGEN
Gloppen ungdomsskule har sidan 2000 drive
eit lokalsamfunnsprosjekt dei har kalla ”den andre dagen”. Innføring i
arbeidsliv og aktivitetar som vi i noverande foreldre- og
besteforeldregenerasjon dreiv ”den andre dagen”, då vi gjekk på skule annankvar
dag, fridagen då vi fekk prøve oss på utfordringar som var for store for oss.
Men som vi vaks på. Den dagen då vi vart knytt til nærmiljø, arbeidsliv og
natur, bygde ei identitetskjensle som har gjort at vi er blitt verande i
bygda (Vedlagt utdrag av årsmelding)
Dette prosjektet skal evaluerast til
sommaren. Vi har snakka med rektor synest det vil vere svært spennande å
arbeide vidare med desse problemstillingane i Breim.
Vi har også hatt kontakt med barneskular og barnehagar i Breim. Teina barnehage har planar om å bygge eit lite hønseri under konsesjonsgrensa (rundt 30 høner). Reed barneskule har i år hatt elevbedrifta Kakecoopen med eplekake som spesialitet. Her har vi ein ypperleg analogi til tilrådd gardsmatsatsing: Ei lokal bedrift som produsere ei lokal råvare som ei annan lokal bedrift foredlar til ein lokal spesialitet.
Reed skule har tidlegare hatt ein avtale med jaktlaget Både natt og dag om at dersom dei hadde skote hjort natt til fredag skulle dei ringe til skulen om morgonen så kome ei klasse og fekk vere med på slaktinga. Slakting er det elles få born som får oppleve no, sjølv dei som veks opp på gard.
Det interessante i denne samanheng er at ein her nyttar ut ein situasjon som er her uansett – slakting og partering skal skje uansett, og det kostar ikkje noko ekstra om elevar ser på. Slike situasjonar bør og kunne utnyttast i turismesamanheng.
Reed skule har elles drive med rydding av
kultursti og tjørebrenning.
Byrkjelo skule har i år hatt eit prosjekt
rundt tur til og kunnskap om ein nærliggande støyl. Skulen har dessutan planar
om eit lite røykeri for fisk og vilt som elevbedrift med røyking av eigenfanga
fisk og utleige til andre.
Vi har gått gjennom årsmeldinga for
skulene i Gloppen 2002-2003. Mange av dei brukar naturen og har liknande tiltak
som nemnt ovanfor.
Men aktiviteten skjer utan fast samarbeid med lokale lag og organisasjoner, utan å vere lekk i ei langsiktig bygdautvikling.
Mange av tiltaka dei har drive kan med
litt bearbeiding vere ein del av eit naturbasert turisttilbod – men utan fast
samarbeid blir det verken kjent eller brukt.
Prosjektgruppa vil prioritere eit fast
samarbeid med skulane etter modell av ”den andre dagen”.
Debatten om skulen sitt innhald,
skulen som fremjar av byen eller bygda sitt verdigrunnlag, skulen som
sentraliserande eller byggar av nærmiljø- og bygdatilknytning er gammal. Vi har
den også i Breim i dag. Men vi har alle eit felles mål om at undervisninga skal
vere basert på næringsgrunnlaget, naturen og mangfaldet som er i
bygda.
BYGGING AV EI NASJONAL
MERKEVARE OG FIRDA VGS
Både Fylkesbarometeret og Høyer fokuserer
på ulike ungdomskulturar og kjenneteikn ved dei som blir att i bygdene og dei
som reiser bort og aldri kjem att. I fylgje tala i siste fylkesbarometer kjem
80-90% av dei som reiser vekk for å ta høgare utdanning aldri attende til
fylket.
Med ”Bygging av ei nasjonal merkevare”
signaliserer vi m.a. at vi ynskjer høg kvalitet på tilboda våre. Og med det gje
utfordringar også til dei mest ”skuleflinke” og stimulere dei til å kome attende
etter avslutta høgare utdanning.
Firda har mange dyktige ressurspersonar vi ynskjer godt samarbeid med i dette prosjektet.
Vi registrerer t.d. at Firda har mange dyktige språklærarar som kan gje hjelpe oss med informasjonsskilt og brosjyrer både på engelsk,tysk, fransk, spansk og italiensk. Medialina kan gje brosjyrer og plakatar ei profesjonell utforming, lage informasjonsfilm og video osv. Naturfaglærarar kan bidra til undersøkingar og driftsplanlegging i elvar og vatn.
Friluftsliv har hatt ein sterk plass på idrettslina til Firda. Elevar har vore brukt t.d. på Norsk idrettsveke. Skulen har dessutan integrert funksjonshemma elevar i idrettsklassene slik at idrettselevane har ei viss trening å ”idrett for alle” i praksis. Idrettselevane får dessutan mykje undervisningspraksis gjennom utdanninga, slik at det skal lite ekstra til for å bruke dei som guidar.
Helse- og sosialelevane får i si
utdanning og praksis god kunnskap om andre grupper av
”alle”.
Lista kan gjerast lang, og mulegheitene
er mange.
Prosjektgruppa i Breim vil invitere
Firda til samarbeid. Og i lys av dei dårlege ”returtala” som Fylkesbarometeret
viser vil vi gje Firda med ei spesiell utfordring om å bidra til at også dei
aller ”flinkaste” kan få utfordringar og sjå mulegheiter til utvikling i
bygdasamfunnet.
BYGDAPORTAL
På det opne bygdamøtet 5.4 var
bygdaportal og informasjonstiltak om og for bygda av dei tinga forsamlinga
ynskte prioritert først og sterkast.
Pr i dag har bygda to spede byrjingar til
bygdaportal i breim.no og breim.net. Den fyrste formelt eigd av
Breimsbygda skisenter, den andre ein kombinasjon av privat og Bergheim Data, men
disponert av ungdomsgrupperinga BLAN. Denne gruppa har med hjelp og støtte av
Eurofoto, Datainstituttet, Bergheim Data og Breim ungdomslag m.fl arrangert
årlege datatreff, LAN, i Breimshallen.
Ungdomsgruppa har laga eller vore med å
lage fleire av nettsidene om Breim. Sida til Breimsbygda IL er interessant ved
at det her er laga eit enkelt administrasjonsverktøy slik at dei
tillitsvalde kan gå inn og legge ut informasjon utan spesiell netteknisk
kunnskap.
BLAN-gruppa har fått i oppgåve å kome med forslag til ulike løysingar for ein bygdaportal.
I skrivande stund har dei kontakt med
nokon av dei som lagar bygdaportalen til Eikefjord, ungdommar dei kjenner frå
før. Dei meiner ein kan samarbeide om nokre av løysingane.
Vi har fått ut liste frå kommunen over
lag og organisasjonar. Desse vil bli kontakta med spørsmål om og korleis dei
ynskjer presentasjon.
Skulane i bygda har no fått breiband som
opnar nye mulegheiter..
Prosjektgruppa har hatt kontakt med Firda
Tidend om bruk av stoff frå avisa i bygdaportalen, noko avisa skulle ta opp til
drøfting internt. Det vil også bli tatt kontakt med Firda.
GJENGROING OG
KULTURKUNNSKAP
Tiltak mot gjengroing og
for bevaring av kulturlandskapet vil bli prioritert.
Ein mangeårig
formannskapsmedlem ynskte å kalle heile bygdeutviklingsprosjektet ”Unngå
gjengroing frå vatn og til bre”. ”Problemet er mykje større enn vi er klar
over”, meinte han
Det er også blitt peika på at ein i landbruket i Breim siste generasjonen har vore mest opptekne av teknisk utvikling, og sjølve kultur- og tradisjonsdelen har kome i bakgrunnen.
Mykje av dette er kunnskap som vil døy
ut med den eldre generasjonen om ein ikkje no tek eit krafttak. Dvs at ein
samstundes med rydding og tiltak for å hindre gjengroing overalt i bygda også
samlar inn kunnskap om tidlegare tiders drift, tradisjonar og kunnskap knytt til
kulturlandskapet overalt i bygda.
Dette er dessutan tema som gjev gode
høve for spennande undervisningsopplegg i alle skuleslag. Og skal ein få
haldningar og kunnskap som sikrar kulturlandskapet i framtida må barn og ungdom
inn.
Ut frå dette har prosjektgruppa hatt
kontakt med prosjektleiar Liv Astrid Nordheim ved fylkesprosjektet om attgroing
og landbrukssjef Jon Egil Vik i Gloppen.
Samarbeid mellom
bygdeutviklingsprosjektet vårt og kommune og fylke vil bli tatt opp til nærare
drøfting utover våren.
Praktisk
døme
Prosjektgruppa har m.a. stilt
spørsmålet:
Kva kan vi gjere saman som vi ikkje
maktar kvar for oss av tankar og ideear vi har i
skrivebordsskuffa?
Parallelt med prosjektgruppa sitt arbeid har det blitt lagt ut framlegg til reguleringsplan for Byrkjelo sør. Grunn: Utviding av Byrkjelo Camping. Det er i planen sett av 17 mål friareal langs elva. Prosjektgruppa har sett fram spørmålet om overgang ”frå paddemark til park” - eller i alle fall litt av begge deler - for dette sentrumsnære området. Grunneigarane har stilt seg positive til ei turvegløysing vidare frå dette orådet ned til og langs hovudelva til Teitabrua. Her kan ein tenkje seg løysing både for barnevogn, riding og rullestol. Går ein over Teitabrua til den andre sida av elva (sjå kart) er ein dessutan på oppsamlingsplassen til ein av dei store driftevegane gjennom fylket som gjekk på den sida av elva heilt til Jølster grensa der det var vad over til noverande riksvegside (jfr fylkeskommunalt prosjektrapport i 2003 om dei gamle driftevegane gjennom fylket.. Denne driftevegen frå Teita til Jølster grense er pr i dag alt frå dårleg traktorveg til bilveg. Den kan utan uoverkommelege kostnader fungere som sykkelsti langs eleva, som mange spør etter.
I sbd med dei store idrettsarrangementa på Byrkjelo stadion har mange etterlyst skikkelege oppvarmings- og joggetilhøve. Ei lita bru over elva mellom stadion og friområdet vil løyse dette problemet. Det vil dessutan opne opp eit spennande nærmiljøområde for Byrkjelo skule som då vil sleppe å legge naturekskursjonane sine gjennom Byrkjelo sentrum.
Dette prosjektet blir det no arbeidd
vidare med.
STRYRINGSGRUPPE FOR
PROSJEKTET
”Heile bygda” står bak prosjektet. Dei 4
organisasjone som har vore med i prosjektgruppa skal vere med vidare. Person- og
organisasjonssamansetjinga vert då:
Med denne samansetjinga har vi prøvd å ha
ei høveleg samansetjing av alder, kjønn, geografi og bakgrunn. Medlemmene har
allsidig erfaringsbakgrunn utover dei organisasjonane dei representerer, utan at
vi finn det nødvendig å spesifisere i denne samanheng.
BUDSJETT
Å gå inn med mykje pengar på konkrete enkelttiltak bestemte stader i bygda no i starten vil verke uheldig. Første året vil vi prioritere brei informasjon, kontakt og mindre samarbeidstiltak rundt i heile bygda for på den måten å skape ”vi-kjensle” og entusiasme.
I budsjetta for dei to neste åra vil vi
ha grunnlag for å vere meir konkrete på enktelttiltak, men heile tida slik at
alle deler av bygda skal føle at dei er med på eit felles
løft.
Budsjett første
året:
- Utarbeiding av heimeside 25.000
- Informasjon og spørjeundersøkingar 15.000
- Arrangement 10.000
- Samarbeid med skulane 10.000
- Samarbeid med andre 10.000
- Administrasjon og prosjektarbeid 10.000
OPPSUMMERING
Fylkesbarometeret i haust refererte m.a.
Rolf Navarsete på at ein av dei viktigaste tinga dei gjorde i Sogndal fotball på
1980- og 1990-talet var at dei fekk tilsett folk med høg kompetanse som
både kjende og brann for klubben.
Eitt av måla våre er gjennom dette
bygdeutviklingsprosjektet å skape økonomisk grunnlag for å tilsetje folk med
kompetanse som kjenner og brenn for Breim og få gjort meir ut av kombinasjonen
av enorm dugnadsånd og fantastiske naturmulegheiter i
Breim.
Vi vonar på positiv handsaming av
søknaden.
Vyrdsamt for
prosjektgruppa
Reiel Felde
(leiar)