Velkomen til Breim.net
Her finn du nyhende frå bygda, særleg frå bygdeutviklingslaget, samt lenker til ymse lokale nettsider.

Frå første søknad til fylkespris:
Breim bygdeutviklingslag 2004 - 2009
Deltaking i Naturarven-prosjekt

Breim Bygdeutviklingslag har sendt innspel til kommunen i samband med naturarven-prosjekt (mars 2010).

Opprinnelege dokument, frå Gloppen kommune si postliste:
- Naturarven som verdiskapar - deltaking i prosjektet - korrigert prosjektskisse (Hoveddokument) (839 KB)
- e-post (Vedlegg) (79 KB)
- Kystarven prosjektskildring (Vedlegg) (1289 KB)


Klima i endring?

Laurdag 9. januar 2010 var det ny temadag i Breimshallen. Nokre av innleiarane sine powerpoints er tilgjengelege under :

Innleiarar:

Leiar av energi- og miljøkomiteen på Stortinget
Erling Sande

Professor ved Institutt for geovitenskap, Universitetet i Bergen og forskar ved Bjerknessenteret for klimaforskning.
Atle Nesje

Leiar av Norges Miljøvernforbund.
Kurt Oddekalv

Professor kjemisk institutt, Universitetet i Bergen
Olav Kvalheim

Møteleiar Hans Jakob Reite

Kulturinnslag v/ Ole Andreas Førde
Matpause

Les meir om programmet og innleiarane her (PDF).

Uttaler om kraftutbygging

Breim Bygdeutviklingslag har blitt bedne om å gje uttale om nokre kraftutbyggingar.

Nedanfor til orientering uttalene om Nydalen i Førs (2007), Sandalsfossen/Timbra (2009) og Strupen (2009) Vonar dei kan vere til nytte for andre.

Spørsmål rettast til saksansvarleg i BB, Ola Bergheim - balo@online.no

Førde i Jølster (Førs) (2007):
- Uttale til NVE frå Breim Bygdeutviklingslag om veg
(PDF, 0,5 MB)
- Hvem har ansvar for verdensarven (Forskning.no)
(PDF, 0,1 MB)
- Kulturhistorisk leksikon om Myklandsstøylen, Nesstøylen, Ryssdalsstøylen, Årdalsstøylen (PDF, 1,3 MB)

Sandalsfossen / Timbra (2009):
- Følgebrev
- Uttale til NVE frå Breim Bygdeutviklingslag om utbygging av Sandalsfossen og Timbra (PDF, 1 MB)
- Vedlegg 1 - Utdrag frå støylsprosjekt og handbok
(PDF, 0,5 MB)
- Vedlegg 2 - Prinsipielle syn på friluftsliv og universelt tilgjenge i støylslandskapet (PDF, 0,1 MB)
- Vedlegg 3 - SMIL-søknad Svartebotnen 2007 do og bru
(PDF, 0,1 MB)

Breim kraft (2009):
- Uttale til NVE om dei foreløpige utbyggingsplanane til Breim kraft og krav til vidare utgreiing
(PDF, 0,1 MB)

Strupen i Myklebustdalen (2009):
- Uttale frå Breim Bygdeutviklingslag om småkraftutbygging i Strupen i samband med anke på opprinneleg søknad
(PDF, 1,7 MB)

Opprinnelege dokument, henta frå NVE sine nettsider:
- Strupen konsesjon 2009 (PDF)
- Strupen Bakgrunn for vedtak (PDF, 17 MB)
- Strupen Vassdragskonsesjon (PDF, 0,3 MB)


Eit varmare og villare Breim

Laurdag 5. januar 2008 var det temadag i Breimshallen. Her er presentasjonane (powerpoint-ane) til hovudinnleiarane:

Heidi Grande Røys (17 MB)
Arvid Andenæs (12 MB)
Georg Arnestad (223 kB)






Suksessen frå i fjor fortset med ein ny kalender som no er ute på nett; Eventyrlege opplevingar i Breim og omegn. Dette er ein aktivitetskalender for bygdefolk og tilreisande. Kalenderen vert oppdatert kontinuerleg, og vart sist oppdatert tysdag 5. juni. Turistinformasjonen på Byrkjelo opnar nypussa laurdag 9. juni kl. 12:00, og alle er velkome til å ta turen innom!

Sjå kalenderen her        Heimeside: www.breim.net/2007

Spennande entrepenørskap i barnehage og skule

Teina hønseri var første barnehagebedrifta i landet. Elevbedrifta Natur, kultur og media ved Gloppen ungdomsskule har og utmerka seg, m.a. ved å blir beste elevbedrifta i fylket nyleg.

Lærarane ved desse bedriftene har teke vidareutdanning i entrepenørskap og laga spennande prosjektoppgåver. Breim.net har fått løyve av forfattarane til å legge oppgåvene ut på nettsida vår. Vi meiner dette er svært gode døme på korleis læring, næring, oppleving og samarbeid med foreldre og lokalsamfunn kan kombinerast.

Vi håpar at Gloppen kommune kan lage ein kommunal entrepenørskapsplan for barnehagar og skular og på andre måtar oppvurdere og styrke dette arbeidet. Forsking viser at dei som er med i bedrifter i skuletida også oftare startar bedrifter som vaksne.


Prosjektrapport elevbedrift, interpretasjon og geoturisme (5 MB)
Teina hønseri: forside (65 kB) - rapport (570 kB)



Breim bygdeutviklingslag inviterar til temadag;
Breimsbygda inn i framtida - trivsel og næring.
Det skjer i Breimshallen laurdag 6. januar kl 11.00 - 16.00.

Sjå plakat med program her (PDF)

Les óg artikkelen i Firda Tidend onsdag 3/1 (PDF - 1,3 MB):
"Kjem på temadagen til Breim bygdeutviklingslag".



Les meir om saka her



Sukseeen frå i fjor fortset med ein ny kalender som no ute på nett; Eventyrlege opplevingar i Breim og omegn. Dette er ein aktivitetskalender for bygdefolk og tilreisande. Kalenderen vert oppdatert kontinuerleg, og vart sist oppdatert mandag 10. juli.

Sjå kalenderen her        Heimeside: www.breim.net/2006

Breimstorming i Påska
I påska var det "Breimstorming" torsdag 13. april kl. 14:00 i Breimshallen. Målgruppa var dei som ikkje hadde høve til å vere med Breim si deltaking i på framtidsverkstaden i januar; hovudsakleg ungdom i alderen 15-35 år.

Referat       Firdatidend.no
Breimstorming i Påska
I påska vert det "Breimstorming" torsdag 13. april kl. 14:00 i Breimshallen. Målgruppa er dei som ikkje hadde høve til å vere med Breim si deltaking i på framtidsverkstaden i januar; hovudsakleg ungdom i alderen 15-35 år. Det vert mat etter møtet, og undervegs lovar Solgunn Sårheim og Synnøve Veien mange overraskingar..
Arrangørar er Breim BU og Breim Bygdeutvikling.

Kjem du?

Firdatidend.no       Firda.no       Plakat

Framtidsverkstad i Breimshallen

Breim si deltaking i bygdeutviklingsprogrammet bygger på ein søknad frå våren 2004. Den kan du lese her.

Målet med framtidsverkstaden 13.-14. januar er at alle breimningar skal bli inspirerte til å arbeide vidare med ting dei brenn for, anten dei er nemnde i søknaden eller ikkje.

Elevar frå idrettslina syter for barnepass i Breimshallen (salen oppe) begge dagar s.a. småbarnsforeldre også kan delta.
Plakat       Innkalling og program

Årets dataparty i Breimshallen er i gong, og i år er det rekordmange påmelde. I år kan du også følje datapartyet live på webkamera.

Heimeside: www.blan.no   


Ein ny kalender er no ute på nett; Eventyrlege opplevingar i Breim / Gloppen. Dette er ein aktivitetskalender for bygdefolk og tilreisande. Kalenderen vert oppdatert kontinuerleg. Sist oppdatert mandag 27. juni.

Sjå kalenderen her        Heimeside: www.breim.net/2005

Haustmarknad 17. og 18. september

Fredag 17. og laurdag 18. september vert det Haustmarknad på Fjordhestgarden. Sjå plakatane for meir info.
    Plakat: haustmarknad        Plakat: motorshow

Kva er det 4H-arane driv med? Kva er det kjekkaste i 4H? LEIR! I år er det landsleir i Seljord i Telemark frå 7.-14. august. Føl landsleiren"live" på Eggenipa 4H sine heimesider. Daglege bilete og rapportar.
Heimeside: Eggenipa 4H

I midten av juli opna det nye bassenganlegget på Byrkjelo Camping. Bassenget held 25 grader, og er ope frå 10:00 - 18:00 kvar dag. Ved spesielt fine dagar er bassenget ope til 20:00. Bassenget kjem til å vere ope ut august.
Les meir og sjå bileta på heimesida til Byrkjelo Camping.
Heimeside: www.byrkjelo-camping.no

Årets Countryfestival er vel i gong, og i år har vi fått med finveret óg.

Sjå ferske bilder her.
Les meir på heimesida til NCT.

Årets Byrkjelo Games, som no heiter Byrkjelo Talent Games har ein mindre profil enn tidlegare større arrangement. Utan tv-dekning får ein ikkje store sponsormidlar, og utan store sponsormidlar er det ikkje muleg å lage eit stort stemne. Men det vart stemne i år, og go` veret var på plass.
Resultat og bilete frå årets games finn du på heimesida til BBIL.

onsdag 2. juli 2003: Rekroa på nett

No er Rekroa kome på nett! Ta ein tur innom:  www.rekroa.no

mandag 2. desember 2002: Bygdekinoen
Neste bygdekino er komande mandag, 2. desember. Første film er Spirit - Hingsten frå Cimarron. Denne filmen handlar då om ein hest, muligens også fleire hestar.













Film nr.2 er ein actionfilm. `xXx` er ein ny type superagent, ein slags ekstremsportens James Bond. Og 20:00 er det hans tur å slå seg laus.

Laurdag 29. juni 2002: Sandal Gardsturisme
Sandal Gardsturisme har fått nye heimesider, på både norsk, engelsk og tysk. Dei har 5 flotte hus og hytter til utleige, og aktivitetar som tradisjonsbaking, garnfiske og støylstur for dei besøkande.
Les meir og sjå bileta på heimesida.

Mandag 29. april er det bygdekino igjen. Kinoar ute i distrikta kjem som oftast ein del seinare enn i byane, men bygdekinoen er denne gongen igjen først ute i kommunen med ein ny toppfilm. "Istid" (7 år) er den nyaste data-animerte teiknefilmen. Med strålande kritikkar og norske stemmer ved Dagfinn Lynbø, Otto Jespersen og Sven Nordin er dette ein film som er vel verdt ein kikk for både små og store.
Behind Enemy Lines (15 år)
Ein amerikansk pilot vert skutt ned over fientleg territorium. Mens han er på flukt og tida renn ut, prøver hans overordna å omgå vanlege reglar og få i gong ein redningsaksjon.

Istid:
  FilmWeb og IMDb
Behind Enemy Lines:
  FilmWeb og IMDb.


Vis gamle nyhende


Sist endra: Torsdag 17. april 2014 18:14

Startsider
ABC Startsiden
Digi.no
Firda VGS
Gloppen.net
ITavisen
MSN.no
SOL
Sparebanken S&F
Start.no
Søketjenester
Google.com
Kvasir
RuteInfo
Telefonkatalogen
VisVeg
Yahoo
Lokalt
Byrkjelo Camping
Eggenipa 4H
Midtkandal Fjordservice
Norsk Country Treff
Rekroa
Aviser
Aftenposten
Bergens Tidende
Dagbladet
Firda
Firda Tidend
Nettavisen
VG
TV
NRK - Program
NRK S & Fj
TV2
TV2 - TVguide
Kino
Byrkjelo
Sandane
Gratis e-post
GMail
Hotmail